I 25 år har STADT vore spesialiserte på vekselstraums motordrifter, reguleringsteknikk og elektriske framdriftssystem for skip. Eit viktig fokus for STADT har i alle desse åra vore å utvikle bærekraftige og miljøvenlege løysningar som vil ha positiv innverknad på dei globale klima- og miljøutfordringane.

I 1997, etter fleire år med intens utvikling, vart ein innovativ og veldig moderne omformar serie introdusert. Ein stor fordel med desse omformarane, var det kompakte designet basert på effektiv direkte vasskjøling. Den fyrste leveransen gjekk til den norske kystvakt, K/V "Tromsø".

Dette var eit gjennombrot, og verksemda utvikla seg raskt. Dei nye omformarane, laga i effektar opp til 3500 kW 690 V, vart hovudsaklig brukt til diesel-elektrisk framdrift på skip, men også til offshore og industri. Selskap som TFDS - Hurtigruten, Geo Shipping, PGS, Sanco Shipping, Aker, Statoil, Hydro, BP og Bayer AG vart faste kundar.

I 2001 vart den vasskjølte STADT IGBT omformar teknologien, basert på PWM, solgt til ABB. Som sidan den gong har produsert og solgt den til den internasjonale maritime marknaden.

Etter 2001 har STADT jobba med utviklinga av femte generasjons AC omformarar, STADT STASCHO. Denne nye tapsfrie teknologien, basert på sinus kontroll, vart patentert i 2008 og vart teken i bruk på skip same året. Den nye teknologien er tilgjengeleg både for lågspent og høgspent, opp til 100 MW.

STADT har nylig signert fleire kontraktar på forskjellige skip for å bruke STADT STASCHO full elektrisk framdriftsystem, og har mellom anna hausta mykje erfaring med systemet frå prosjektet MV "Sanco Star" som vart levert i 2008.

STADT AS er total leverandør av elektriske framdriftssystem, som inkluderer generatorar, hovudtavle, nødtavle, el-motorar, omformarar, power management system (PMS), alarm og overvåkningsystem, IAS, samt DP system.

Med vårt breie produktprogram kan vi skreddarsy optimale løysingar for kvart individuelle prosjekt.

Spør oss, det vil løne seg.



STADT © 2009 | December 7, 2012