NYHET

 

Militær dag i Gjerdsvika

STADT i Gjerdsvika hadde nyleg glede av å vere vertskap for FSi, Forsvars- og sikkerhetsindustriens forening - si årlege strategisamling.  STADT er ei av dei 150 norske medlembedriftene i FSi.

FSi arbeider for å styrke bedriftene sine mulegheiter for salg både i Norge og ikkje minst internasjonalt, gjennom å vere bindeledd mot myndigheiter, arrangere felles messer og andre aktivitetar.

Dette vart ein heil dag, og kveld, der STADT si nye militære satsing, STADT NAVAL, fekk presentert sine produkt og forretningsstrategiar overfor mange av dei leiande norske aktørane i forsvarsindustrien.

Direktør Hallvard Slettevoll i STADT presenterte både regionen Sunnmøre, Sande kommune og eiga bedrift for dei tilreisande, samt   STADT si 35 årige historie som leiande i Norge innan utvikling av elektriske framdriftsystem for skip. 

Sjef for Forretningutvikling i STADT, John Olav Teige, presentere STADT sine løysingar for null-utslepps skipsframdrift for sivile og militære skip.

Eit viktig innslag vart også gjennomgangen av prosjektet som STADT no har saman med Forsvarsdepartementet og Sjøforsvaret.

Dagen sammen vart sett stor pris på både frå STADT og FSI si side, og vart avslutta med båttur til Flåvær og Skorpa, samt middag på Skotholmen.

Slettevoll uttrykkjer at STADT har hatt god nytte av FSI foreninga i dei åra dei har vore medlem der.  STADT er einaste FSi-medlem mellom Bergen og Trondheim pr i dag.

Direktør Torbjørn Svensgård i FSi uttykkjer også stor tilfredsheit med å ha STADT NAVAL som medlem, og ser STADT sin Stealth teknologi som eit viktig bidrag til å forbedre eigenskapane til militære skip både i Norge og hjå våre allierte.

 

Gjerdsvika 23.8.2021