NYHET

 

STADT NAVAL har tilsett Torbjørn Skar som NAVAL SALES MANAGER

Som eit ledd i den nye satsinga i STADT- GRUPPA , har STADT NAVAL no tilsett Torbjørn Skar i ei sentral rolle som salgssjef for si globale satsing inn mot den militære marknaden.

Skar kjem til STADT NAVAL etter 10 år i Kongsberg Maritime AS, der han også hadde eit salgsansvar for den militære marknaden. Før det har Skar også hatt stillingar i Rolls Royce og Ulstein.

Direktør for STADT NAVAL, Hallvard Slettevoll, ynskjer Skar velkomen som nytilsett i STADT-konsernet, og føler seg trygg på at selskapa kan sjå ei lys framtid i møte både på sivil og militær side.

Slettevoll reknar med å kunne auke staben fortløpande framover, og har stor tru på at det vil verte skrive fleire store og viktige kontrakter innan få månadar.

STADT STEALTH – teknologien vert møtt med stor interresse verda rundt, og eksisterande kundar er svært nøgde med driftserfaringane på dette patenterte støyfrie heil-elektrisk framdriftssystemet, som no også er tilgjengeleg i ein null-utsleppsversjon.

 

Gjerdsvika, 05.10.2021